Du er for øyeblikket her:

Flere bilder

Rainer Maria Rilke: Brev til ein ung diktar

Email to a Friend

Bli den første til å anmelde dette produktet

Tilgjengelighet: På lager

kr 248,00
eller

Oversikt

«Eit kunstverk er godt, i den grad det oppstod av naudtvang. På kjelda det kom av, skal domen fellast: Det finst ingen annan. Difor, min vyrde ven, veit eg inga anna råd enn det å gå i deg sjølv og sokne djupnene livet spring fram av; ved kjelda der finst svar på om skape er noko du må.»

Kan eit ungt menneske satse på den djupaste lengten det har i seg? Droppe ein trygg karriere og å våge kunstens veg? I den unge kadetten Franz Xaver Kappus stod denne striden. Han søkte råd frå Rilke, som sjølv hadde militær erfaring. Svaret var, det kan berre du finne ut: «Spør framfor alt, i natta sin stillaste time: må eg skrive? … Du er så ung, og så godt eg berre formår vil eg be deg, ber over med alt som er uløyst i hjarta …» Her skriv òg Rilke dei berømte orda om parforholdet som «ein kjærleik der to einsemder grensar, hegnar og helsar kvarandre». Korrespondansen som oppstod mellom dei – Brev til ein ung diktar – er sidan lesen og elska av unge som gamle – diktarar eller ei.

Om RAINER MARIA RILKE (fødd i Praha i 1875 og død i Sveits i 1926) sa Robert Musil: «Denne store lyrikaren har ikkje gjort anna enn for første gongen å skrive fullkomne dikt på tysk.» Legendarisk er lynnedslaget av inspirasjon i middelaldertårnet Muzot i Sveits vinteren 1922, då dei to hovudverka Die Sonette an Orpheus og Duineser Elegien kom til i løpet av eit par veker. Han skreiv dikt frå eit sinn utsett i hjartefjellet. Frå den same posisjonen kjem òg dei mange tusen breva hans. Brev til ein ung diktar (utkomen posthumt i 1929) står som eit av diktarens hovudverk.

Detaljer

«Eit kunstverk er godt, i den grad det oppstod av naudtvang. På kjelda det kom av, skal domen fellast: Det finst ingen annan. Difor, min vyrde ven, veit eg inga anna råd enn det å gå i deg sjølv og sokne djupnene livet spring fram av; ved kjelda der finst svar på om skape er noko du må.» Kan eit ungt menneske satse på den djupaste lengten det har i seg? Droppe ein trygg karriere og å våge kunstens veg? I den unge kadetten Franz Xaver Kappus stod denne striden. Han søkte råd frå Rilke, som sjølv hadde militær erfaring. Svaret var, det kan berre du finne ut: «Spør framfor alt, i natta sin stillaste time: må eg skrive? … Du er så ung, og så godt eg berre formår vil eg be deg, ber over med alt som er uløyst i hjarta …» Her skriv òg Rilke dei berømte orda om parforholdet som «ein kjærleik der to einsemder grensar, hegnar og helsar kvarandre». Korrespondansen som oppstod mellom dei – Brev til ein ung diktar – er sidan lesen og elska av unge som gamle – diktarar eller ei. Om RAINER MARIA RILKE (fødd i Praha i 1875 og død i Sveits i 1926) sa Robert Musil: «Denne store lyrikaren har ikkje gjort anna enn for første gongen å skrive fullkomne dikt på tysk.» Legendarisk er lynnedslaget av inspirasjon i middelaldertårnet Muzot i Sveits vinteren 1922, då dei to hovudverka Die Sonette an Orpheus og Duineser Elegien kom til i løpet av eit par veker. Han skreiv dikt frå eit sinn utsett i hjartefjellet. Frå den same posisjonen kjem òg dei mange tusen breva hans. Brev til ein ung diktar (utkomen posthumt i 1929) står som eit av diktarens hovudverk.
Forfatter/tittel Rainer Maria Rilke: Brev til ein ung diktar
Originalens tittel Briefe an einen jungen Dichter
Forlag Bokvennen Forlag AS
Utgitt dato 3. des. 2007
Oversatt av Åsmund Bjørnstad
Språk Nynorsk
Innbinding Innbundet
Leveringstid Inntil 5 virkedager
ISBN 9788274881655
Varekode 881655

Produkttager

Bruk mellomrom til å skills tags. Bruk enkle anførselstegn for fraser.

Nyhetsbrev

BETALINGSLØSNINGER

  

 

DIREKTE TELEFONBESTILLING

(+47) 22 19 14 25